Evig liv - skattar frå det gamle Egypt
Kulturhistorie
Haakon Sheteligs plass 10
Universitestmuseet, Kulturhistorie er stengt. Mer informasjon om stengingen her.
I utstillinga " Evig liv - skattar frå det gamle Egypt" kan du oppleve mumiar i ein atmosfære som er lik den i gravkammeret, der dei vart plasserte for meir enn 3500 år sidan.
Ein mumie er eit balsamert lik som har gjennomgått ein prosess slik at muskulatur og beinbygning ikkje har rotna ; lekamen si naturlege form er dermed teken vare på.
I utstillingan kan du sjå to mumiar. Den eine mumien som Bergen Museum fekk alt i 1828 - er av prestedottera Teshemmin, som vart gravlagd mellom 525 og 350 f. Kr. Ho ligg sveipt i lin, noko av andletet er øydelagt.
Den andre mumien med kiste og det tredje dekselet var gåver frå Fridtjof Sundt til museet i 1902, saman med mange av dei andre gravfunna som òg blir viste. Tanken bak balsameringa av lika var at mumiane skulle ha evig liv.

