Refleksjon og kunnskap

Verdsbilete

Naturhistorie

Muséplassen 3

Kunnskap og verdsbilete i stadig endring  

Gjennom 200 år har Universitetsmuseet samla inn, systematisert og forska på gjenstandar. Nye metodar og spørsmål gjer at også gamle gjenstandar får ny meining. Gjenstandane si historie seier oss noko om ulike måtar å sjå og forklare verda på. Nokre gonger skifter ting meining med ny kunnskap og kontekst, og nokre ting kan ha fleire tydingar. Utstillinga gjev eit innblikk i korleis vitskapeleg kunnskap vert til, og korleis den har endra seg med ny forsking.   

Forskaren si oppgåve er heile tida å skaffe meir innsikt om mennesket, samfunnet og verda omkring oss. I Verdsbilete får du innsikt i kva som skil vitskapeleg kunnskap frå kvardagskunnskap og religiøse førestillingar og i kva for etiske problemstillingar forskarane støyter på. Vitskapeleg kunnskap vert til i samspelet mellom observasjonar, teoriar og metodar. Forskingsresultat er sjeldan endelege, men del av ein prosess der ny kunnskap både utvidar forståinga av eit fenomen og utfordrar rådande oppfatningar på ulike vitskapelege felt.   

Korleis har vitskapen bidrege til og blitt forma av verdsbileta i si samtid? Kvifor tok forskarar del i raseforsking? Korleis har teoriar gjeve menneska makt over eigen lagnad? Kva er konsekvensen av forskingsjuks? Kvifor har museet ein alrune, eit krympehovud og tryllemiddel i samlingane? Velkommen til ei utstilling der du kan reflektere og undre deg og ta del i samtalen om forholdet mellom vitskap og samfunn.   

Verdsbilete er lokalisert mellom kafé Christie og museets vestibyle. Utstillinga har sitjeplassar og kan vitjast utan billett. Det er ikkje tillate med mat i utstillinga, men på rolege vekedagar kan du ta med ein kopp kaffi frå kafeen.  

Enhjørning
Foto
Camilla Ahamath, UiB
Bak glass i monter står en rekonstruksjon av en stor fugl med markant nebb sammen med en etikett
En rekonstruksjon a den utdødde dronte (Raphus cucullatus).

Dronten blir først skildra av nederlandske sjømenn i 1598. Hundre år etter har dronten forsvunne frå jordkloten. Nyare forsking gjev eit heilt nytt bilete av dronten som ein svært motstandsdyktig fugl som var tilpassa eit langt frå idyllisk øyliv. Utgravingar av 4000 år gamle dronteskjelett har vist at drontane greidde å overleve ekstremvêr og tøffe levekår.
Førsteamanuensis Hanneke Meijer.
Foto
Yrja Skjærum, Universitetsmuseet
Carta Marina