Hvordan oppklares fortidens mysterier?
Pollen & bein
Naturhistorie
Muséplassen 3
Kva kan ørsmå pollenkorn eller gamle bein seie oss? Analysar av pollen og bein fortel om plante- og dyreliv som var annleis enn i dag.
Dei minner oss om at verda er i evig endring; noko skapt av naturen sjølv, anna av mennesket.
Pollen og andre planterestar finst i myrer og vatn, men òg saman med bein i jordlag på arkeologiske utgravingar.
Bein finn vi særleg i holer og hellerar der menneske og dyr har hatt tilhald.
Spora frå fortida gjev innsyn i naturen kring oss og prosessar som endrar den; dei bidreg til kunnskap om kulturhistoria og klima.
Samstundes seier fortida noko om korleis naturen vil kunne endre seg i framtida.

Hodeskalle - hund fra middelalderen
Foto
Helene Pettersen, UiB

Illustrasjon av forstørret pollen
Foto
Foto av illustrasjon, Helene Pettersen UiB