Biodiversitet

Underverk av mangfald

Universitetsmuseet, Naturhistorie

Musèplassen 3

Livet på jorda – vakkert, mangfaldig og sårbart 

Ei makelaus evne til tilpassing har skapt eit forunderleg mangfald av liv på jorda. I dag er det registrert rundt 1,5 millionar forskjellige artar, men like fullt trur forskarane at det står att 7-8 millionar artar vi ikkje har oppdaga enda. Og då er ikkje mikroorganismar som bakteriar med i reknestykket ein gong! 

Utstillinga gjev eit innblikk i kva biologisk mangfald er, korleis det endrar seg og korleis vi forskar på det. Kva er ein art, korleis systematiserer vi og skil artar frå kvarandre? Korleis kan vi vite kven som er nære slektningar og kven som berre er snarlike? Og korleis fører ny kunnskap til at vi må tenkje nytt om opphav og utvikling hos artane? 

I tillegg til å feire det biologiske mangfaldet på jorda i dag, gjev utstillinga eit tilbakeblikk på artar som ikkje lenger finst. Her kan du sjå praktfulle eksemplar av atlasløver, som ikkje lenger lever i det fri, ein pungulv – utrydda av australske sauebønder på 1930-talet – og lårbeinet frå ein gigantisk dinosaur som levde i Tanzania for 150 millionar år sidan. 

Utstillinga kjem også med eit varsko. Du har kanskje høyrt om den sjette masseutryddinga av artar? Den står vi midt oppe i no, og til skilnad frå dei fem førre utryddingane, er det denne gongen vi menneske som har hovudskulda for at det biologiske mangfaldet blir redusert i høgt tempo. Samtidig ligg det eit håp i at vi veit at menneskeleg aktivitet påverkar biodiversiteten. Det gjer at vi kan ta val og handle slik at vi tek betre vare på mangfaldet i framtida. Det gjeld berre å hugse at biologisk mangfald er avhengig av biologisk mangfald i eit finurleg samspel der det ikkje er så lett å sjå konsekvensane av at enkeltartar forsvinn. 

Utstillinga er laga i samarbeid mellom Universitetsmuseet i Bergen, Studio Louter, Opera Amsterdam og Hypsos. 
Les mer her - Feirar det biologiske mangfaldet

 

 

 

 

 

 

Underverk av mangfald
Foto
Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen
Underverk av mangfald 2
Foto
Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen
Underverk av mangfald 3
Foto
Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen
Atlasløvene
MANGFALD: Utstillinga er både ei feiring av det biologiske mangfaldet på jorda i dag, eit tilbakeblikk på artar som ikkje lenger finst og eit varsko om at eit utal artar står i fare for å døy ut i morgon.
Foto
Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen