Botanisk hage

Japanhagen

Botanisk hage, Milde

Skipenesvegen 45

JAPANHAGEN er teikna og utforma av den kjente japanske landskapsarkitekten Haruto Kobayashi. Han har lagt inn japanske grunnelement i ein norsk natur. Det er altså ikkje meininga at hagen på Milde skal vere ei etterlikning av eit historisk anlegg i Japan. "Dette skal vere ein hage for venskap og forståelse mellom Japan og Noreg" - slik har Kobayashi uttrykt seg om hagen. 

Vestlandsklimaet med mykje nedbør og milde vintrar er eit godt grunnlag mosehagen som er etablert på haugen sentralt i hagen.

Plantene

Det er eit krav til plantene at dei må ha japansk opphav, enten reine artar som veks naturleg i Japan eller foredlingar av desse. Generelt skal blomstringa ikkje ha for sterke fargar. Haustfargane derimot er viktige.

Du kan søke etter plantene i Japanhagen på kart og med bilde via hageutforskeren.

Les mer om Japanhagen >

Japanhagen
Japanhagen
Foto
Bjørn Moe, UiB
Japanhagen
Japanhagen
Foto
Bjørn Moe, UiB