Artikkel

Årbok 2021 - "Årets museum 2021"

Universitetsmuseet i Bergen er kåra til Årets museum 2021 av Norges Museumsforbund. Årboka kan du lese i trykt og digitalt format og du kan kjøpe boka i museumsbutikken vår.             

I grunngjevinga skriv juryen:  «Vinneren er et museum som gjennom nytenkning og nye måter å formidle historie og forskning på, har gjennomført en omfattende rehabilitering av bygninger og utstillingsfasiliteter. Like viktig som å åpne rommene og etablere nye møteplasser, er måten de gjennom sin innovative og dristige formidling ønsker kommende generasjoner velkomne uten å bryte båndene til historien og tradisjonene. De som kjenner museet fra før vil fortsatt føle seg hjemme i det som er et viktig kulturelt og historisk symbol for byen og regionen det ligger i. Men i den moderne tenkningen rundt kunnskap og viten, og i det viktige samspillet mellom forskning og nysgjerrighet, tar de samfunnsomveltningene og vår tids behov på lekende alvor. Slik blir vinneren en tradisjonsbærer som står støtt i sin framtid uten å miste perspektiver og kommende mål av syne.»

Dette er gode ord som vi sett pris på, og som inspirerer alle tilsette til vidare innsats for museet sine mange oppgåver, mellom anna innan populærvitskapleg formidling. Universitetsmuseet si årbok er òg ein tradisjonsberar i ny drakt, med røter attende til 1883. I lange periodar har årboka vore ein sentral formidlingskanal for museet. Årboka du no har i hendene, er den 26. utgåva i ein nyare serie som i format og utforming er inspirert av eldre utgåver. Her kan du lesa om samlingar og samlarar, om ukjende objekt og innsatsen til mindre kjende personar. Her er òg artiklar om spanande funn og det funna kan fortelja om livet i tidlegare tider. Som vanleg har årboka artiklar av forfattarar utanfrå museet, noko vi set stor pris på. Her er dessutan omtalar av enkelte av dei mange pågåande prosjekta ved museet. Redaksjonen sitt mål er å løfta fram spanande historier som du ikkje kjende til, og som gjer deg nysgjerrig på å følgje spor av kunnskap frå fortid og nåtid.

 

I år er det 75 år sidan Stortinget vedtok å oppretta Universitetet i Bergen, tufta på det vitskaplege grunnlaget ved Bergens Museums. Symbolsk nok vart den siste direktør for museet, Bjørn Trumpy, den første rektoren ved universitetet. Som gjennom dei siste 75 åra, er Universitetsmuseet i dag ein integrert del av Universitetet i Bergen, der forsking, forvalting og formidling står sentralt. Det er spanande at vi no òg har ambisjon om å vera ein sentral formidlingsarena for heile Universitetet i Bergen.

 

Universitetsmuseet årbok kan du lese både i trykt og digitalt format.  Du kan kjøpe boka i museumsbutikken for 200 kroner. Hovudtemaet i 2021 er "Årets museum 2021". Forfattarane kommer frå Universitetsmuseet og andre fagmiljø både innanfor og utanfor Universitetet i Bergen.

Universitetsmuseets årbok 2021- "Årets Museum" er nå tilgjengelig her i digitalt format.

Redaksjonen i år har bestått av vår nyslåtte direktør Kari Loe Hjelle, Knut Rio, Anne Helene Solberg Tandberg, Dorothy Jane Dankel (Institutt for biovitenskap), Jo Høyer og Knut Olav Aslaksen.

- Redaksjonen takkar alle forfatterane som har bidratt med artiklar til årboka og håper at deira finn stoff av interesse i boken, seier fungerande redaktør Knut Olav Aslaksen ved Universitetsmuseet i Bergen.

Årbok 2021
Foto
Skjermdump
Årets museum 2021
Foto
Skjermdump