Artikkel

Opning av bergkunstfelt ved Vangdal i Kvam

Torsdag 21. oktober opnar bergkunstfeltet ved Vangdal, langs Nasjonal turistveg Hardanger med ny tilrettelegging for publikum.

Bergkunsten på Vangdal ligg ved ein rasteplass langs Nasjonal turistveg Hardanger. Tilrettelegginga som no vert opna skal gjera bergkunsten tilgjengeleg for vegfarande og andre på ein ny og trygg måte. Rasteplassen er rusta opp med nye benkar og bord, skilttavle og diskré lyssetjing. Ein lyssett sti dels tilrettelagt med trapper og rister går frå rasteplassen og ned til bergkunsten, der ei publikumsrampe gir utsyn til bergkunsten og den opne fjorden.

- Bergkunstfeltet i Vangdal er eit unikt kulturminne som bind oss saman med dei som har budd på Vestlandet før oss. Difor er det ekstra verdifullt at bergkunsten no blir meir tilgjengeleg for fleire, seier rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen.

Unik lyssetjing

På parkeringsplassen er det eit godt opplyst ikon av helleristing ved starten av stien til Helleristingane. Sjølve bergkunsten har fått ei unik lyssetjing for betre visualisering av helleristingane. Det er brukt skrå lyssetting for at det skal vera minst mogleg inngripande for ristingane som tidlegare vart sprøyta med maling. Lyssettinga kjem til å gi ei heilt ny oppleving av å sjå bergkunsten på natta, utan moderne støy, med naturlege miljø og omgjevnader utan trafikk.

Heile det nye rasteanlegget med bergbilda frå eldre steinalder er gjennom den nye tilrettelegginga er no godt eigna som eit ferdamål og oppleving døgnet rundt, året rundt.

- Eg tykkje folk blir overraska av prosjektet. Dette kan også bidra til at man får ein ny giv til å tenke nytt når det gjelder tilrettelegging av bergkunst, seier forskar og arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet i Bergen.

Tilrettelegginga av rasteområdet, betra tilgjenge og ny presentasjon av bergkunsten er eit samarbeidsprosjekt mellom grunneigarane ved Vangdal, Statens vegvesen, Vestland Fylkeskommune, Universitetet i Bergen og Kvam kommune. Arkeologane ved kulturavdelinga i fylke har spelt ei viktig koordinerande rolle.

Sjå fleire bilete frå bergkunsten på Digitalt Museum.

Frå bevaringsprogram til bevaringsstrategiar

Riksantikvaren har sidan 2019 støtta prosjektet med tilskot på 1 million kroner gjennom programmet Bevaringsprogram for bergkunst.

- Eg er glad for at vi nå kan formidle bergkunst i Vangdal på en måte som gir både gode opplevingar og som tar vare på de sårbare helleristningane, seier riksantikvar Hanna Geiran. Lyssetjinga er skånsam og bringer bokstavelig talt gamle bergbildetane fram i lyset igjen. Dette er en fantastisk muligheit for alle til å sjå de sporane som våre fjerne formødrer og forferde har etterlatt seg, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Viktig prosjekt for fleire

Tilrettelegginga er del av Riksantikvarens bevaringsprogram for bergkunst og er ein viktig del av Riksantikvarens bevaringsprogram for bergkunst for å sprei kunnskap om helleristningar. Bergkunst er lett utsett for skader i form av nedbrytingsprosessar og menneskeleg hærverk. Bevaringsprogrammets mål har vore å sikra at bergkunsten vert tatt vare på i eit langsiktig perspektiv gjennom dokumentasjon samstundes som eit utval helleristningar er tilgjengelege for publikum. Bevaringsprogrammet for bergkunst, som vart starta opp i 2011 og som framleis er aktivt vil danna utgangspunkt for dei nye bevaringsstrategiane som er meint å styrka både vernet og kunnskapen om bergkunsten.

Prosjektet er også viktig for fylkeskommunen som både vegeigar og forvaltar av kulturminne, som har vore med og lagt til rette for at folk kan svinge av fylkesvegen og sjå nærare på spora frå fortida.

- Kulturminna er sårbare der dei ligg ute i naturen, og vi skal leggje til rette for at dei blir behandla med respekt og formidla vidare til framtidige generasjonar. Helleristingane er ei kjelde til kunnskap, oppleving og undring – og kan vere viktige identitetsmarkørar for dei som bur i området, seier fylkesordførar Jon Askeland.

- På vegne av UiB vil eg gjerne takke alle som har arbeidd for å gjere dette mogleg, seier rektor Margareth Hagen. 

Opninga av det nye anlegget ved Vangdal skjer torsdag 21. oktober kl. 17.00 – 21.00 gjennom eit eige arrangement på Thon Hotel Sandven, med berre ei avgrensa mengd inviterte.

 

Bergkunst ved Vangdal

Enkelt forklart er bergkunst eit samlenamn på førhistoriske bilete som er hogde, slipa eller måla på berg. Ved Vangdal er det skipsfigurar ved bergfoten. Dette er den eldste kunst vi kjenner i Skandinavia.

I Noreg er det registrert meir enn 1700 lokalitetar med bergkunst og over 33.000 figurar over heile landet. I Noreg finnes helleristningar i hovudsak på Vestlandet, i Midt-Norge og i Nord-Norge. Ved Salthamaren i Vangdalsberget skal det ein gong i tida ha vore brent salt, og djupe kollag i jorda syner at her har vore gjort opp eld mange gonger. Men dei var neppe saltbrennarar dei første som gav seg til her. Nokre av dei rita figurar inn i berget. På toppen av hamaren, ytst på stupet, hogg ein flokk steinalderjegerar dyrebilete. Meir enn 1500 år seinare teikna bronsealderbønder skipsfigurar ved bergfoten. Begge desse kunstverka — mellom dei eldste i Hordaland — kan ein no sjå med heilt ny lyssetjing, innhogne i berget på Salthamaren. Bergkunstmotiva og deira plassering i terrenget kan samanfattast med eit ord; mangfald.

Kilde: Riksantikvaren, Universitetet i Bergen, Digitalt museum.

Opning av bergkunstfeltet ved Vangdal i Kvam
OPNING: En såkalt «Gobo» markerer starten på stien ned til det nye lyssatte Vangdalsfeltet. Fra venstre fylkesordfører Jon Askeland, riksantikvar Hanna Geiran og ordfører i Kvam Torgeir Næss under opning av bergkunstfeltet ved Vangdal i Kvam Herad.
Foto
Knut Olav Aslaksen
Vangdal lyssatt bergkunstmotiv
BERGKUNST: Her lyssatt et motiv hvor hjort (fremst) og elg (bakerst) er avbildet sammen, noe som ikke er vanlig i naturen men som er del av det forhistoriske billedspråket som bergkunsten representerer.
Foto
Trond Lødøen
Vangdal Bergkunstfelt
NATURLIG: Motivene under naturlig skrålys fra solen, sent om ettermiddagen.

Foto
Trond Lødøen
Opning av bergkunsfeltet ved Vangdal
Foto
Knut Olav Aslaksen