HISTORIE

Verdshistoria i tekstilmagasinet

I tekstilmagasinet til Universitetsmuseet ligg det ein vakker tekstil. Eit tøystykke utsydd i blått, rødt, grønt og kvitt mønster. Det er 119 cm langt og 44 cm breitt. Kvifor ligg det der, kor kjem det frå og kva forteljing skjuler seg mellom dei fargerike tekstilfibrane? Jo, beint fram ei av dei viktigaste hendingane i vestleg historie!

I protokollen til direksjonen ved Bergens Museum står det 24. august 1835, at tøystykket er «skjænket» til museet av målaren J.C. Dahl (1788–1857) i Dresden. Det skal vera del av eit prakttelt som har høyrt til Kara Mustafa. I same protokollen står det òg at Dahl hadde kjøpt inn 10 oljemåleri i ramme og ein kasse med 35 utstoppa fuglar til museet, til ein pris av 62 reichsthaler og 12 phennig i «preusisk Courant».

 

Ein skulle kanskje tru at det var estetiske grunnar til at ein vidgjeten målar som professor Dahl hadde fanga interesse for det vakre tøystykket, for å gje det til eit museum som han hadde så nært forhold til. Det var jo ein av direksjonsmedlemmane ved museet, overlærar Lyder Sagen, som hadde oppdaga talentet hans og samla inn midlar slik at han kunne koma seg i kunstnarlære, først i København og sidan til Dresden der han no var professor ved kunstakademiet.

 

Dahl har nok hatt estetiske grunnar til å sikra seg eit «Stykke af et ægte tyrkisk Pragttelt», for det kan ikkje vera tvil om at det er flott å sjå på, og at det er eit fint stykke handarbeid verdt å ta vare på. Men så var det denne Kara Mustafa då. Kor kjem han inn i biletet? Protokollen har heldigvis annan informasjon som gjev oss eit spor. Kara Mustafa skal ha brukt teltet, som tøystykket skal vera del av, i samband med «Wiens Beleiring 1683».

 

Wien 1683

Med denne opplysninga flyttar perspektivet seg raskt frå den estetiske opplevinga av den vakre tekstilen, til ei av dei mest sentrale hendingane i Europa si historie, kringsetjinga av Wien i 1683. Merzifonlu Kara Mustafa Pasha (1635–1684) var ingen ringare enn storvesiren som leia dei osmanske styrkane som kringsette Wien i 2 månader frå 14. juli til 12. september 1683. Med seg hadde han ein hærstyrke på rundt 170.000 soldatar og 300 kanonar.

 

Storvesiren var den fremste embetsmannen i det osmanske riket og forvaltar av sultanen sitt segl. Han vart i eigne rekker rekna som meir høgtståande enn både keisarar og europeiske fyrstar som han hadde diplomatisk samband med. Tittelen hadde i nokre generasjonar gått i arv i Köprülü-familien som Kara Mustafa Pasha vart gifta inn i, og han vert rekna som den største og mektigaste av familien sine storvesirar.

 

Hærfylgjet starta frammarsjen 3. mars 1683 - frå den tyrkiske residensbyen Edirne mot Wien, hovudstaden i det tysk-romerske keisardømet. Angrepet var nøye planlagt med tidleg framføring av depot av mat, materiell og våpen langs ruta. Med seg hadde fylgjet rundt 15.000 telt og anna personleg utrusting for befal, soldatar og «Janitsjarar», ... og visst nok 80 vogner med haremsdamer. Striden mellom dei osmanske tyrkarane og det tysk-romerske riket handla om kontrollen over områda i Aust- og Sentral-Europa, og hadde gått føre seg sidan 1500-talet. I 1526 hadde Suleiman I den store prøvd å ta Wien, utan å lukkast. Men det var likevel ingen rein religionskrig mellom kristendom og islam som gjekk føre seg, ettersom det over tid var skiftande alliansar, også alliansar mellom kristne og muslimar.

 

Territorial kontroll over nytt skattland var nok viktigare grunnar til striden, og då særleg kontrollen over ferdselsåra Donau og landområda i dagens Ungarn. Den muslimske sultanen i Konstantinopel var dessutan meir oppteken av å samla seg gods og gull enn av religion. Kostelege gjenstandar i gull, sølv, edelsteinar og tekstilar spelte ei sentral rolle i det osmanske riket. Det seiest at storvesiren måtte arrangera mottakingar for sultanen fleire gonger i månaden og gje han verdfulle gåver i gull og edelsteinar ved kvart høve. Sultanen var difor langt meir religiøst tolerant enn dei katolske keiserane i det tysk-romerske riket, om då berre undersåttane betalte sin skatt og fyrstane sin tributt.

I 1683 var det dessutan dei kristne kalvinistane i Øvre Ungarn (noverande Slovakia) under leiing av Imre Thököly (1657–1705) som bad om hjelp frå sultanen i Konstantinopel og frå den franske kongen Ludvig XIV, for å frigjera seg frå grepet til dei katolske habsburgarane i Wien. Keisaren i Wien på si side, fekk støtte av Paven i Roma og av fyrstane i Bayern og det Polen-Litauiske samveldet. Likevel vart striden både i samtida og i ettertid gjerne framstilt som ein mytisk strid mellom kristendom og islam, kanskje mest for å mobilisera motivasjon og ressursar til strid, og vi skal ikkje langt tilbake i vår eiga historie for å finna skremmande referansar til året 1683 og «the Gates of Vienna».

 

Storvesiren sitt prakttelt

Dahl hadde altså sikra seg, og museet, eit vakkert fragment av eit tyrkisk prakttelt, men òg eit krigsbyte, nærast som ein «relikvie» å rekne, etter den langvarige striden mellom det osmanske riket og landa i Sentral- og Aust-Europa, og mellom kristendom og islam.

Kva tankar Dahl eigentleg gjorde seg om tekstilen og kor han fekk den frå, kjenner vi sjølvsagt ikkje. Det at han likevel hadde sikra seg tekstilen og gav den vidare til museet, gjev oss gode grunnar til å reflektera over det vakre etnografiske objektet. Kva hadde det å seia for Dahl og for museet i 1835, og kva det kan seia oss i dag?

 

Tekstilar spelte ei viktig rolle i det osmanske riket både som handelsvare og som symbolske gjenstandar, vovne eller utsydde som vakre applikasjonar av silke, fløyel, bomull, ull og sateng m.m. I motsetnad til europeiske hoff var dei osmanske interiøra enkelt innreidde med få møblar, medan tekstilar som gardiner, teppe og puter var mykje brukte. Tekstilar vart òg nytta som diplomatiske gåver, og på felttog hadde storvesiren og høgtståande offiserar med seg rikt utsmykka og omfangsrike prakttelt, innreidde med teppe og puter.

 

Bergensaren i Dresden

Johan Christian Clausen Dahl kom frå små kår i Bergen, men var no ein internasjonalt kjend landskapsmålar, og hadde kundar i høgtståande krinsar over heile Europa. I Dresden hadde han omgang med den kulturelt interesserte nobiliteten og sosieteten, som møttest i det opne huset til grevinne Elisa von der Reche og diktaren Christoph August Tiedge.

 

Ved kongeleg dekret av 14. januar 1824 vart Dahl utnemnd til professor ved Der Königlichen Sachsiche Akademie der bildenden Künste zu Dresden und Leipzig med 200 thaler i gasje, ein relativt liten sum samanlikna med inntektene han hadde frå sal av eigne bilete. Vinteren 1822–23 skriv den danske kunsthistorikaren Niels Laurits Høyen heim frå Dresden at «Dahl lever vel og er uafladelig sysselsat med arbeider, der gaa til alle Verden Kanter». I samtida hadde han høgare status enn nasjonalromantikken sin kanskje mest kjende landskapsmålar Caspar David Friedrich som var professor same stad. Dahl og Friedrich var likevel nære vener og delte adresse i Elbstrasse 33, med Dahl i 4 . og 5. høgda og Friedrich i leilegheita under.

 

Grunna Dahl sin høge status og prominente omgangskrins i den saksiske hovudstaden ved Elben, må vi tru at tøystykket i tekstilmagasinet i Bergen verkeleg er «autentisk» og frå slaget ved Wien 12. september 1683. Det trur vi òg fordi det var så godt teke vare på i over 140 år, og må ha blitt rekna som særleg verdfullt og minneberande.

Tekstilen er framleis i svært god stand og ser ikkje ut til å vera over 337 år. Dahl kan sjølvsagt ha blitt lurt til å tru at tekstilen kom frå slaget om Wien i 1683, men lite tyder på at han har forsøkt å lura museet. Berre nærare undersøkingar kan gje oss svara på kor gamalt tøystykket er, kor bomullsplantene har vakse og kva planter og mineral som har gitt farge til stoffet. Om tøystykket er ein del frå storvesiren sitt eige telt eller frå eit av dei andre prakttelta i fylkinga, veit vi heller ikkje. Proveniensen til tekstilen stoggar inntil vidare i direksjonsprotokollen til Bergens Museum 24.august 1835.

 

Funna i teltleiren

Då osmanane flykta frå Wien etter nederlaget, stod det att ein stor teltleir rundt byen. Denne vart plyndra av soldatar og sivile, og telta kom sjølvsagt i sirkulasjon over store landområde. Det seiest at hovudteltet til storvesiren Kara Mustafa vart med sigerherren, Kong Jan III Sobieski til Polen. Leiaren for sigershæren hadde alltid førsterett til krigsbyte. Andre kjelder fortel at fleire prakttelt og anna verdfullt krigsbyte vart teke med til Dresden av etterfølgjaren på den polske trona, August II Mocny, kanskje meir kjend under namnet August den sterke av Sachsen (1670–1733). Den kunstinteresserte saksiske kurfyrsten var fascinert av den osmanske kulturen, omtala seg sjølv ofte som sultan, og samla kunst og handverk både frå krigsbyte og frå meir fredelege diplomatiske gåver. Nokre av desse kan ein framleis sjå i «Der Türkische Cammer» i Statsmuseet i Dresden.

I 1934 kjøpte den polske antikvaren Szymon Szwarc fleire telt frå den private Wettin- samlinga i Dresden, som høyrde til den saksiske fyrsteslekta. Han gav telta vidare til Wawel-museet i Krakow som i dag har ei samling av tyrkiske prakttelt. Fleire skal vera frå slaget ved Wien. Med jamne mellomrom vert dei store to eller tre-masta telta, med ei lengd på nær 20 meter, stilte ut på slottshøgda i Krakow. Gesimsbanda er forseggjorde og rikt dekorerte med blå og «sultanraude» applikasjonar, nett slik som tøystykket i Universitetsmuseet si samling i Bergen. Telta skal ha hysa høgare befal i den osmanske hæren. I «Der Türkische Cammer» i Dresden er òg stilt ut eit vakkert tyrkisk prakttelt frå kurfyrstane si samling.

Dahl var som nemnt tilsett som professor ved Det kongelege kunstakademiet i Dresden og hadde ein viss posisjon og høgverdig omgang i byen. Som professor hadde han dessutan, til studieføremål, tilgang til dei fyrstelege samlingane. Kanskje var det frå den saksiske kongen si privatsamling, Wettin-samlinga, at Dahl hadde fått fragmentet frå eit osmansk prakttelt, og kanskje var det frå Storvesir Kara Mustafa sitt eige telt ?

Osmanske prakttelt fekk ingen stor kulturell påverknad i Europa, men det gjorde andre gjenstandar frå den etterlatne osmanske teltleiren utanfor Wien. Utan at det er særleg godt dokumentert, vert det hevda at khafir, kaffi, skal ha blitt kjent gjennom funn i teltleiren. Legenda seier dessutan at bakarane i Wien som varsla det nattlege angrepet frå den osmanske hæren, skal ha laga bakverket Kipferl, eller Croissant, til minne om sigeren over osmanane. Croissant som tyder halvmåne på fransk skal sidan ha kome til Frankrike med den austerrikskfødde dronning Marie Antoinette. Det var ho som meinte at dei fattige kunne eta kake om dei ikkje hadde brød, og som enda sitt liv på skafottet under den franske revolusjonen. Andre krigsbyte skal ha vore ei rekke ukjende musikkinstrument som cymbalar, basstrommer og trianglar, som la grunnlaget for Janitsjarmusikken, tyrkisk militærmusikk, populære musikkformer i Europa utover på 1700-talet. Både Haydn og Mozart imiterte denne musikken. Instrumenta og omgrepet «janitsjarorkester» lever vidare den dag i dag, oppkalla etter Janitsjarane som var sultanen sin livgarde og elitetropp, og som var rekrutterte av unggutar tekne til fange i okkuperte område.

 

Storvesiren sitt endelikt

Etter nederlaget ved Wien heldt «den store tyrkiske krigen» fram til 1699 då osmanane vart beseira og drivne ut av dei fleste landområde i Sentral og Aust-Europa av «The Holy League», ei nemning på alliansen mellom Kyrkjestaten, Det tysk-romerske keisardømet, Det polsk-litauiske samveldet, republikken Venezia og Det russiske tsardømet.

Storvesiren Kara Mustafa som tapte slaget om Wien, måtte diverre bøta med livet i Beograd 25. januar 1684. Som skikken var i det osmanske riket for taparar av hans stand og stilling, vart han først kvelt med eit grønt silkeband før hovudet vart skilt frå kroppen og sendt til Sultanen i ein fløyelspose. Eignelutane etter storvesiren som mellom anna omfatta store mengder verdfulle tekstilar, gjekk òg til Sultanen og er godt dokumenterte i skriftlege kjelder.

Leivningane etter storvesiren skal liggja på kyrkjegarden i Edirne, bortsett frå hovudet som fekk ein meir uklar skjebne. Det er òg hevda at hovudet vart teke av austerrikarane då dei okkuperte Beograd nokre år seinare. Dette kraniet vart sidan stilt ut som eit klenodium på eit museum i Wien, før det i nyare tid vart gravlagt på ein kyrkjegard i byen. Det var jo høgst usikkert om dette var kraniet til storvesir Kara Mustafa Pasja. Like usikkert er det vel om tøystykket i tekstilmagasinet til Universitetsmuseet verkeleg er frå praktteltet til storvesiren som kringsette Wien i 1683, men la oss inntil vidare leva i trua og stola på bergensaren i Dresden, Johan Christian Clausen Dahl.

Eit fint stykke osmansk handarbeid er det i alle høve.

 

Kjelder:

  • Aubert, Andreas. Professor Dahl: et stykke av aarhundredes kunst- og kulturhistorie, Aschehoug, Kristiania 1893
  • Bergen Museums. Direksjonsprotokoll 1835, Universitetsmuseet i Bergen
  • Encyclopædia Britannica Online. Merzifonlu Kara Mustafa Paşa, Ottoman vizier, 12.08.20
  • Finch, John. Under the Turk in Constantinope A record of Sir John Finch´s Embassy 1674-1681, Macmillan, London 1920
  • Hali Magazine. An Ottoman Tent in Wawel Royal Castle, 10.07.13, www.Hali.com
  • Reindl-Kiel, Hedda. The Empire of Fabrics: The Range of Fabrics in the Gift Traffic of the Ottomans, i Thomas Ertl / Barbara Karl (eds.) Inventories of Textiles – Textiles in Inventories Studies on Late Medieval and Early Modern Material Culture, V&R Academic, Göttingen 2017
  • Reindl-Kiel, Hedda. The Must-Haves of a Grand Vizier. Merzifonlu Kara Mustafa
  • Pasha’s Luxury Assets, Wiener Zeitschrift für die Kunde des Morgenlandes, Wien 2016
  • Wien Museum Catalogue. „100 x Vienna - Highlights from the Wien Museum Karlsplatz, Published on Jul 18, 2013, issuu.com
  • Yılmaz, Yasir. Grand vizieral authority revisited: Köprülüs’ legacy and Kara Mustafa Paşa, Mediterranean Historical Review, 2016
  •  http://dx.doi.org/10.1080/09518967.2016.1173359
tyrkisk prakttelt samlinger
«Stykke af et ægte tyrkisk Pragttelt», gjenstandsfoto E1046.
Foto: Universitetsmuseet i Bergen
storvesir Kara Mustafa Pasja wien 1863
Kara Mustafa Pasja
Foto: Vienna Museum Karlsplatz
maleri Wien 1863 , Geffels
The relief of Vienna
Foto/ill.: Frans Geffels (1625-1694), Vienna Museum Karlsplatz
portrett IC Dahl 1823
Porträt des Malers Johan Christian Clausen Dahl (1823)
Av: Carl Christian Vogel von Vogelstein (1788–1868)
utstilling osmansk prakttelt ,museum Dresden
Osmansk prakttelt, Der Türckische Cammer, Staatliche Kunstsammlungen Dresden
Foto: https://ruestkammer.skd.museum/ausstellungen/tuerckische-cammer/ 15.08.20

croissant og tyrkisk kaffe
Både kipferl/croissant og kapuziner/ cappuccino skal ha sitt opphav i Wien
Foto: Knut Olav Aslaksen
flik av tyrkisk prakttelt
«Stykke af et ægte tyrkisk Pragttelt», gjenstandsfoto E1046, Universitetsmuseet i Bergen