Hovemadonnaen i ny form
Universitetsmuseet, kulturhistorie, Haakon Sheteligs plass 10
Gjenskaping - Å forma ein mellomalderfigur på nytt
Hovemadonnaen – Maria med barnet frå Hove kyrkje, Vik i Sogn – er mellom den fremste kyrkjekunsten me har bevart frå 1200-talets Noreg. Utstillingen stod til mai 2021-mai 2022.
Med utgangspunkt i den originale Hovemadonnaen, no ved Universitetsmuseet i Bergen, er det gjennom dei siste fire åra skapt ein ny versjon av Maria med barnet frå Hove. Gjenskapinga kopierer ikkje berre originalen slik han no står prega av å vera 750 år. Den nye Hovemadonnaen har også fått nyskapte delar der den originale har sår, manglar og falma fargar. Den nye madonnafiguren er vår tids freistnad på å gjenskapa originalen slik han kan ha stått som ny i Hove kyrkje.
Utstillinga presenterte gjenskapingsprosessen, frå initiativ og pengeinnsamling i Vik, via forsking, skanning, treskjering og fargesetting, til ferdigstilling av ny figur. I mai 2022 kom den gjenskapte Maria med barnet på plass i Hove kyrkje. I Vik vart heimkomsten då feirast med Mariafest tre dagar til endes.
Utstillinga er laga i samarbeid mellom Universitetsmuseet i Bergen og Hovemadonnakomiteen, Vik i Sogn/Fortidsminneforeninga.

