Arrangement

Hovemadonnaen i ny form

Fredag 29. oktober 2021 kl. 12.00 –13.00

Universitetsmuseet i Bergen, kulturhistorie, 1 etg

Ny Madonna
NY DRAKT: Utstillinga presenterer gjenskapingsprosessen, frå initiativ og pengeinnsamling i Vik, via forsking, skanning, treskjering og fargesetting, til ferdigstilling av ny figur.
Foto
Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen

Kom på foredrag om den gjenskapte Hovemadonnaen, Maria med barnet frå Hove kyrkje, utstilt på Universitetsmuseet i Bergen.

Førsteamanuensis i mellomalderarkeologi, Alf Tore Hommedal, vil fortelje om gjenskapinga av Hovemadonnaen. Kunstverket, skapt 2017–2020 av Treskjærerverkstedet, står no utstilt ved Universitetsmuseet i Bergen. Der står no også den originale Hovemadonnaen frå 1200-talet utstilt – etter å ha vore ca. 600 år i Vik. 

Gjenskapinga kopierer ikkje berre originalen slik han no står prega av å vera 750 år. Den nye Hovemadonnaen har også fått nyskapte delar der den originale har sår, manglar og falma fargar. Den nye madonnafiguren er ein freistnad på å gjenskapa originalen slik han kan ha stått som ny i Hove kyrkje.

Opningstider museet:
Tysdag-laurdag, kl. 10.00–16.00
Sundag kl. 11.00–17.00
Måndag stengt

Pris: Inngangsbillett ved Universitetsmuseet

Middelalderuken finn stad i dagane 24. oktober–3. november. Publikum får moglegheiten til å møte ein livlig og fargerik tidsalder og lære meir om mellomalderens kultur og historie.

I mai 2022 skal den gjenskapte Hovemadonnaen – Maria med barnet frå Hove kyrkje – til Vik i Sogn.

Kunstverket, skapt 2017–2020 av Treskjærerverkstedet, står no utstilt ved Universitetsmuseet i Bergen. Der står no også den originale Hovemadonnaen frå 1200-talet utstilt – etter å ha vore ca. 600 år i Vik.

Gjenskapinga kopierer ikkje berre originalen slik han no står prega av å vera 750 år. Den nye Hovemadonnaen har også fått nyskapte delar der den originale har sår, manglar og falma fargar. Den nye madonnafiguren er ein freistnad på å gjenskapa originalen slik han kan ha stått som ny i Hove kyrkje.

Den gjenskapte Hovemadonnaen skal etterkvart til Hove kyrkje, i hennar rette ramme. Til den tid kan du oppleva henne ved museet i Bergen. Der kan du også sjå anna frå Vik, som bygningsdelar frå ei eldre stavkyrkje på Hopperstad og den kunstferdige jarnlåsen frå kyrkja på Flete, Framfjorden.