Hvordan oppklares fortidens mysterier?

Pollen & bein

Naturhistorie

Muséplassen 3

Beinvegen til fortida 

Det er utruleg kor mykje informasjon vi kan få ut av ein eldgammal hovudskalle frå Bømlo, særleg når nasehola er fulle av pollenkorn. Bein og pollen ber i seg informasjon om opphav, slektskap, landskap, klima og livet som var før.   

Utstillinga viser korleis analyser av små fragment av bein og pollen fortel forskarane om eit dyre- og planteliv som var annleis enn i dag. Fragmenta minner oss på at verda er i evig endring – noko skapt av naturen sjølv, og anna av mennesket. Du får innblikk i korleis paleobiologane rekonstruerer økosystem frå istida og fram til våre dagar gjennom å studere spor av pollen og bein frå vitskapelege utgravingar.  

Pollen og andre planterestar finst mest i myrer og vatn, men òg saman med bein i jordlag i arkeologiske utgravingar. Beinrestar finst særleg i holer og hellerar der menneske og dyr har hatt tilhald. Utstillinga gjev innblikk i korleis forskarane analyserer og fortolkar ulike zoologiske, botaniske og arkeologiske fragment. Korleis finn dei ut kva plante eit pollenkorn skriv seg frå? Om et bein er frå hund eller katt, og om det er tusen eller fem tusen år gammalt? 

Slike historiske fragment gjev oss informasjon om både kultur- og klimahistorie, om naturen omkring oss og om prosessane som endrar den: Beinrestar frå grustak på Austlandet og holer på Vestlandet viser spor etter mammut og fjellrev frå ein av dei varmare periodane av siste istid. Avsetjingar av pollen frå solrose, valmue og kornblom – plantar som ikkje vaks i åkrane i Vest-Norge – tyder på vidstrekt handel mellom Bergen om omverda allereie i vikingtida. Funn frå ulike utgravingar fortel til saman ei historie om overgangen frå jeger-sankar-kultur til jordbruk på Vestlandet – og gjev opphav til ulike teoriar om korleis dette skjedde og på kva tid. 

Forsking fortel oss korleis temperatur, nedbør, jordsmonn og menneskeleg aktivitet har påverka landskapa vi lever i. Kan vi bruke denne kunnskapen til å føreseie korleis naturen og landskapa kjem til å endre seg i framtida? Korleis vil Vestlandet sjå ut om tusen år? Om 40 000 år? Kva dyr og plantar vil takle eit varmare klima? Kven bukkar under og kven vil bokstaveleg talt blomstre? 

hodeskalle fra hund
Hodeskalle - hund fra middelalderen
Foto
Helene Pettersen, UiB
forstørret pollen
Illustrasjon av forstørret pollen
Foto
Foto Foto av illustrasjon, UiB