Gjev liv

Planter

Naturhistorie

Muséplassen 3

Kurer din eigen planteblindskap 

Har du tenkt på kor lett det er å ikkje tenke på planter?  

Plantene er over alt, men likevel – eller kanskje nettopp difor – er det som om vi ikkje ser dei. Noko av skulda for denne planteblindskapen kan vi kanskje legge på den greske filosofen Aristoteles, som levde for nesten 2400 år sidan. Han rangerte alle ting i fire kategoriar, med menneske på topp, dyr på andreplass og planter på tredje – eit knapt hestehovud framfor ikkje-levande ting.  

Hadde han visst det vi veit i dag, kan det hende lista hadde sett annleis ut. Planter er heilt grunnleggande for økosystem på land. Dei fangar opp energi frå sola, som så blir gjort om til levande liv. Alle dyr er avhengige av planter; utan dei ville vi ikkje hatt noko å ete og vi kunne heller ikkje ha pusta, for det er plantene som lagar det meste av oksygenet i lufta. 

Utstillinga gjev innblikk i planteverdas mangfald og historie. Forskinga fortel at landplantene oppstod i ferskvatn og ikkje i havet, og at dei stammar frå ferskvassalgane.  

Då plantene kom på land, møtte dei nye utfordringar. Lufta ga ikkje støtte på same måte som vatnet, sporane kunne ikkje symje i lufta, og på land var det dessutan konstant fare for å tørke ut. I tillegg møtte plantene trugsmål i form av sopp som hadde slått seg til på land titals millionar år tidlegare.   

I utstillinga får du vite kva strategiar plantene har utvikla for å løyse desse utfordringane, og du får høyre om samspelet mellom planter og andre organismar som insekt og fuglar.  

At plantene er komne langt sidan dei kraup på land, er det liten tvil om. I dag reknar ein med at dei utgjer meir enn fire femtedelar av all levande materie på jorda. Og skulle dei forsvinne, er det ikkje berre blomevasen på stuebordet ditt som blir tom. Då forsvinn stuebordet òg, for ikkje å snakke om livet på jorda slik vi kjenner det.  

presset plante
Foto
Helene Pettersen, UiB
Bregne illustrasjon
Foto
UiB/Haltenabnken